Støylsråsa til Gimmestadstøylen i Gloppen Kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.536 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 275
Sesong: Februar - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Gimmestadstøylen på sørstranda har flott utsikt!

Når du har parkert går du over brua og føl deretter råsa til støylen. Råsa kryssar veg to stader.

Barnas Turlag i Gloppen har turbotrim på støylen i 2014.Turbotrim-kassa heng på veggen på felles utedo, som er ein av dei første bygningane som møter ein på støylen.

Alternativ rute til Gimmestadstøylen er Langedalsvegen frå Øvre Gimmestad. Denne kan nyttast om ein vil ha ein rundtur.

Det er råd å trille barnevogn heilt til støylen dersom ein følgjer vegen. Vegen er ikkje merkt av Barnas Turlag, men er skilta mot Gimmestadstøylen i første kryss, der ein skal ta til høgre. Vegen deler seg ein gong seinare, og ein skal då ta til venstre oppover mot støylen.

Lengde på turen er om lag 2 km kvar veg (45 – 60 min med små born).

Adkomst

Frå Sandane sentrum følgjer ein fylkesveg 615 mot Hyen/Florø, over Storebrua og forbi Gloppen Camping og SFE (om lag 2,5 km). Ta av til venstre mot Rauset, og følg vegen om lag 1,5 km. Rett før busskuret med skilt til «Antikk og rariteter» tek ein av til venstre inn på ein grusveg. Ein skal ikkje ta av mot Langedalsvegen, men følgje vegen ein drøy kilometer til Moane der den gamle støylsråsa startar. Etter å ha passert nokre hus deler vegen seg, og her kan vere høveleg å parkere.