Skogsøyna i Øygarden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.639 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 179
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Dette friluftsområdet har viker med fine badeviker og svaberg som ligg i ly for vind og vær frå nord og vest. Gode forhold for fiske og fortøying for båtar i søndre del av området. Utanfor Skogsøyna ligg det fleire holmar, sund, viker og grunne sjøområde. Området har fleire fornminne og restar av gamle buplassar. Meir informasjon om fornminna på kulturminnesok.no. Toppen på Skogsøy heiter Skogstuo og er rekna for å vere ein av dei beste plassane for å observere fugl på trekk langs kysten nord for Bergen. 

Stien startar ved infotavla. Her beiter sauer, så hugs å lukke grinda. Ha hunden i band. Følg stien langs sundet, gjennom skogen og vidare utover mot havet. Nokre bratte parti etter skogen. Frå Skogsøytuva er det eit flott rundtskue. Hald god avstand, dønningene kan kome langt opp. Sør for varden har Bergen og Omland Friluftsråd ei dagsturhytte, Hildringsbu. Meir info på BOF sine sider. For en rundtur kan ein følge stien på austsida tilbake til Herdlevær. Fine bade- og teltplassar ved svaberget sør for varden og øst for Hildringsbu. 

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden kommune. Her finn du mange flotte turopplevingar og nye løyper for store og små, med ulik vanskelighetsgrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen.

Hvordan få kystpasset? Les mer i vedlagt lenke.

Adkomst

Frå Bergen så følger du RV 555 til rundkøyringa på Kolltveit. Her tek du til høgre og følger vegen mot Hellesøy. Rett etter Kvernapollen tek ein av hovudvegen og køyrer inn til venstre retning Kollsnes. Parkering langs vegen før brua til Herdlevær, eller på ein liten grusplass rett etter brua. Det er få parkeringsplassar, så samkøyring er tilrådd. 

Frå brua er det omtent 45 minutt gange på sti fram til friluftsområdet og Skogsøytuva. Godt fottøy er nødvendig. 

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger for busstider til Skogøy.

Linker