Signalen på Møvik

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.979 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 176
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Dette er ein relativt kort tur som byr på to toppar med flott utsikt. 

Turen starter ved Kiwi på Møvik (har du bil bør du parkera lengst vekk frå inngangen). Følg Signalvegen til endes og fortsett oppover ein grusveg. Fin utsikt etter kort tid. Etter omlag 400 meter kjem du opp til Signalvatnet og ei lita demning på høgre hand. Her kan du gå over betongmuren og følge stien vidare. Stien er berre delvis merka, men lett å følgje. Den første toppen du kjem til er austre Signaltoppen. Her er det turkasse. Utsikt mot store delar av kommunen. Du ser også innover mot Askøybrua. Følger du stien vidare mot vest kjem du til vestre Signaltoppen. Flott utsikt mot havet her. Siste del av turen er noko brattare. Ved demningen er det laga trapp ned den brattaste skrenten. Du kjem tilbake til grusvegen ved demningen. 

Om får du lyst til å bada i Signalvatnet er det berre å hoppa uti. ØyVAR har frigjeve vatnet til bading. 

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen. Les meir om Kystpasset under Lenker.

Viktig å vite når du går på tur:

Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt når du ferdes i naturen.

Adkomst

Kjøyr RV555 frå Bergen mot Klokkarvik. Ved Fjell Kyrkje ta til høgre mot Møvik. 

Stoppesteder

Frå Straume terminal: bussrute 465 eller 467. Sjå ruteplanlegger på Skyss. 

Linker