Fottur til Snauedalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.17 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 199
Sesong: Juni - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Ein kort tur med jamn god stigning opp til Snauedalen/Brekkereset. Her får du flott utsikt over heile bygda.

Turen startar ved Høgebru. Følg grusveg skrått venstre og kryss elva over bruen. Hald venstre til du etterkvart kjem inn på stien som går opp til mot Snauedalen.

Det er mogeleg å gå gjennom Snauedalen og heilt til Fjærland. Dette er ein gamal ferdaveg. Turen er mykje lengre enn innteikna rute, og det kan såleis vere greitt å ha ein bil ståande i Fjærland.

Rundt Vårstølen og i Snauedalen er det dei seinare åra pussa fram mange fine buldresteinar.

Adkomst

Køyr gjennom Veitastrond til Høgebru, der det er parkeringsplass.