Feigefossen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.621 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 146
Sesong: Mai - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Opplev fossedur og vassprøyt i andletet på denne korte turen til blikkfang nummer ein i Luster, mektige Feigefossen.

Det går merka sti opp til eit utsiktspunkt under fossen. Stien er noko steinete på slutten, men er godt merka og lett å gå. Det tek om lag 45 min å gå frå vegen til utsiktspunktet som ligg 150 meter over havet. Feigefossen har eit fall på 218 meter. Det er Noreg sitt andre høgaste, uregulerte fossefall etter Vettisfossen i Årdal (275 meter). Vassdraget er verna mot utbygging. God tur!

Adkomst

Parker bilen nedanfor garden Feigum, på fjorsida av vegen. Stien tek av frå fylkesvegen ca. 300 meter i retning Ornes frå parkeringa.