Stølsbesøk på Myrestølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.22 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 325
Sesong: April - November
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Merka rute byrjar ved enden av vegen. Stien er godt brukt og tydeleg, sjølv om merkinga kan vere vanskeleg å sjå nokre stader. Turen går oppover lia, tidvis ganske bratt, om lag 1,5 km. Når ein kjem til toppen flatar det ut, og etter eit par minutt kan ein sjå Myrestølsvatnet med Myrestølen på vestsida om lag 500 m. lengre framme. Her har ein også fin utsikt ut over Vassdalen.

Adkomst

Ta av til høgre ved grendehuset i Ikjefjord. Følg vegen om lag tre kilometer til Vassdalsvatnet. Parkering ved Vassdalsvatnet, anten i byrjinga av vatnet, eller for dei med firhjulstrekk, ved enden av vegen ein drøy kilometer lengre inne.