Hovden. Barekstad til Store Skorekinna, Vemannsrøysa og Barekstad. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 13.133 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 5 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 813
Sesong: Mai - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Store Skorekinna er med sine 310 moh, den høgste toppen på øya Hovden. Utsikt vest i havet og ned på Kvannhovden fyr som vart bygd i 1895 og automatisert i 1980. 

Turen startar frå rutebåtkaia i Barekstad. Gå til vegkrysset og ta til venstre på grusvegen. Gå omlag 1 km til skiltet som viser til Domba og Kvannhovden Fyr i Halshamrevika. Lett stigande terreng fram til Stegane, 79 moh. Det er bratt nedstigning men godt sikra sti med solid tretrapp og bolta handtau stykkevis ned til Dombevatnet. Vidare lett terreng. Dette var tidlegare skuleveg. Frå Domba er det lett terreng å gå rett nordover i, på berg og gras, små grunne myrparti og rullesteinbelte. Skiltpeikar ved Kvalvika viser deg til helleristingsfelt med tre båtformer frå bronsealderen på loddrett bergvegg nær sjøen. Dette er ein avstikkar frå stien. 

Du kan frå Domba komme inn på stien om du går frå Uthamna i Spongsvågen til Florø Båtforening. Dit kjem du kun med privat båt. Følg den merka Nordsjøløypa nordover til du kjem til det opne området Dal / Dalshaugen. 

Her tar du av frå Nordsjøløypa og følg sporet på karte i noraustleg retning oppover langsmed Dalselva til omlag 170 moh. Her flatar terrenget litt ut. Drei nordover og oppover berget til du kjem til toppen og varden på Store Skorekinna. Herifrå ser du rett vest og ned på Kvannhovden fyr.

Dersom du ønsker, kan du gå ein fin rundtur attende til rutebåtkaia i Barekstad frå Store Skorekinna. Gå då i austleg retnig til topp 301 moh. Gå ned mot Gåsvatnet og fortset på ryggen langs Gåsevatnet. I søre enden av vatnet kan du krysse over bekken/elva og fortsette opp mot Vemannsrøysa. Frå bekken/elva kan du finne eit tråkk, ta først litt sørover og opp skaret, drei vest og så nordover langs nakken og opp til toppen av Vemannsrøysa 238 moh. Følg stien ned til Barekstad og rutebåtkaia.

Sporet er gått 28. mai 2021 som ein rundtur.

God tur!

Adkomst

Rutebåt til Barekstad.

Stoppesteder

Rutebåt

Linker