Type: | Fottur |
Lengde: | 7.365 km |
Turen går: | Turen går én vei, fra A-B |
Varighet: | 6 timer |
Gradering: | Krevende |
Høydemeter totalt: | 1019 |
Sesong: | Juni - Oktober |
Område: | Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene |
Denne ruta til Storegreggen startar frå parkeingspassen på Bjørke (avgift kr 50,- vipps/kontant). Følg skogsvegen oppover til stølen Nyasete. Her går du over på sti, over myrane og opp over skaret på toppen av lia. Vidare ned og inn til stølen Stavdal. Her føl du stien som går bratt opp til høgre for stølshusa. Etter omlag 400 meter tek du av frå stien og går inn mot den vestlege (venstre) eggen opp mot Vetelegreggen. Etterkvart kjem du inn på eit sauatrakk som går opp til fortoppen. Her kan du velge å gå over 1014 toppen (litt bratt ned mellom dei to toppane på Vetlegreggen, så det er litt avhengig av snøfennene kor det er best å gå). Fint å ta ein ein rast her då det er mjukt fint underlag på toppen.
Herifrå går du ned i eit breitt skar og opp på andre sida. Først kjem du til ein fortopp (ser ikkje Storegreggen før du er på denne), og vidare siste ca 100 m til er du framme på 1094 toppen Storegreggen.
Turen er omlag 15 km tur/retur og det er ca 900 meter stigning totalt. Ruta frå Stavdal og opp er ikkje merka, og det er nødvendig å ha med kart og kompass eller andre navigeringsverktøy (nytte GPS-spor). Turen krev at det er god sikt i fjellet. Det står ein liten varde på toppen, med ein stein rett opp i midten.