Vetla Havringsfjell

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.743 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 950
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå parkeringsplassen på Sjusete gå gjennom grinda opp til skistova som du passer på venstre side. Gå rundt Sjusetevatnet på eine eller andre sida, grusveg eller følg lysløypa til like før bratt bakke, der står det skilt med Torefjell. Følge trakk oppover til du kjem innatt på grusvegen, som du fylgjer til endes.

I enden av grusvegen skal du til høgre på sti som går til Torefjell og Krok. I fyrste stiskilje skal du til venstre og straks etter bratt ned i eit elvegjel og bratt oppatt på motsett side. Følg tydeleg sti vidare til du kjem til stølen Krok.

Frå Krok skal du vidare på sti som startar bak det bakerste stølshuset, og som går slakt mot høgre - mot Beindalsgjelet under Torefjell. Stien er tydeleg og lett å fylgje til du er nesten i toppen av gjelet, her skal du ta deg igjennom skaret på venstre side, og du finn ei delvis merka rute til austenden av det fyrste Jørstadvatnet (det er eit bratt bråt som du må ta deg ned i, det er enklast eit stykke aust/til høgre).

Vidare kan du runde nedra Jørstadvatnet og enten gå mellom øvra og nedra Jørstadvatnet eller du kan velja å gå rundt også øvra Jørstadvatnet på austsida og få med deg den gamle Stølen Grønsete på turen.

Svartavatnet rundar du på vestsida, der det er delvis sti. Fortset langs Svartavatnet på nordsida medan du samtidig vinn høgde - her går du utan sti eller merking. Følg ryggen/høgda oppover til du er på 970-toppen (som har ei helle ståande på toppen som markering) - herfrå skal du snu nordover - du ser eit litt markert fjell framfor deg som kanskje ser både langt vekke ut og bratt ut, men det er berre 50 høgdemeter høgare og 4-500 meter vekke. Du må ned 20-30 høgdemeter før du finn deg ei rute opp til toppen.

Det er mange andre ruter til vetle Havringsfjell, du kan gå frå Torefjell og ned "baksida" eller opp frå Fitjadalen via Ruedal og Langedalen, ein kortare variant av denne ruta kan og vera å ta seg opp til skaret mot Langedalen frå Grønsete. Uansett er god sikt, orienteringsevner og kart og kompass ein forutsetning for å bestige fjellet.

Adkomst

Parkering ved Sjusete skisenter ca 5km frå Øystese eller Norheimsund.

Stoppesteder

Til Øystese eller Norheimsund, derfrå på beina eller med drosje til Sjusete.