Geitafjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.327 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1179
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Turen startar ved stor parkeringsplass i øvre enden av Fitjadalsvatnet. Fyrst nokre hundre meter på grusveg innover dalen, like etter brua over Kjølo er det skilta mot Breidablik opp til høgre. Følg denne stien, som er T-merka, til Breidablik. Fyrst bratt oppover i tett barskog, før den fortset bratt oppover i litt opnare skog. Frå Spøtaskarv vert det litt opnare i dalen opp mot stølen Håsete. Frå Håsete går det oppover via eit par platå til Vinskjersleitet, etter du har passert hytta her flatar det ut og vert småkuppert innover til Breidablik.

Frå Breidablik går du igjennom tunet og ut "Vossaporten" og føl den t-merka stien i retning Vending. Like før stien endrar retning til vest/mot glyntabakkane, tek du rett fram og opp mot toppen du ser framfor deg - som er Geitafjell. Det er noko små vardar på veg mot toppen.

Adkomst

Turen startar ved Fetet (øvre enden av Fitjadalsvatnet). Dit kjem du deg enklast med bil frå Øystese (Følg skilting mot Soldal og seinare Fitjadalen), men du kan og gå frå Øystese sentrum.

Stoppesteder

Buss til Øystese sentrum, på beina eller med drosje derfrå til Fetet i Fitjadalen