Fuglafjell

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.792 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Ekstra krevende
Høydemeter totalt: 958
Sesong: Juli - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Grusvegen til Øvre Steinskvandalen startar ved Ungdomsheimen/Aktiven skitrekk. Per no er det diverre ikkje mogleg å køyre inn i Steinskvandalen (bom). Sykkel kan vera å foretrekke på veg-etappen.

Frå Øvre Steinskvandalen fylgjer du t-merka sti (mot Vending) vidare innover dalen på høgre sida av elva. Ved stor vassføring kan det vera vanskeleg å komma over elva frå Kvitebekk. Stien går fyrst slakt innover dalen, før du skal igjennom eit parti med stor-steina ur, før du skal bratt oppover til Gråurskaret.

På toppen av skaret skal du ta av frå den t-merka stien og gå ut til høgre - det er delvis merka/delvis sti austover og du kjem etterkvart igjennom eit nytt lite skar mot Kvitebekk, like etter at du har passert ein liten bekk skal du bratt opp til venstre. Du skal opp i gjelet den nemnde bekken kjem frå, fyrst på høgre side, så ein kort periode på venstre side før du igjen kryssar bekken og skal utover mot høgre.

Du går no på eit relativt stort platå forbi nokre småvatn, ca 600meter før du skal nordover og oppover mot toppen. Det er delvis varda rute til toppen, men vardane er vanskeleg å fyljge så følg godt med.

Adkomst

Parkering i nærleiken av gamle Ungdomsheimen på Kvamskogen, derfrå på grusveg inn til Øvre Steinskvandalen. Sykkel kan vera kjekt på den etappen.

Stoppesteder

Buss til Kvamskogen/Ungdomsheimen.