Svarta

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.012 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 5 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1009
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Parker ved skulen i Ålvik og gå opp Haugenjordet. I enden av vegen skal du opp på venstre side av eit raudt hus. Herfrå er det T-merka rute heile vegen til Svarta. Første etappe opp til Krossfuru byr på nokre svært bratte sva i starten som ikkje er lette å gå i vått ver, sjølv om det er gjort noko tilrettelegging med tau å halde seg i.

Vidare oppover blanskurde berg, etterkvart meir vegetasjon opp til Bosgjelstølen (Lilleveitstølen). Etter ein liten kneik bak stølen flater terrenget ut innover mot Bosgjelet. Etter å ha passert eit lite vatn på venstre side gjer stien ein S-sving mot høgre og opp mot fjellet Svarta. Du passerer etter ei stund kraftlinja men held fram ca 400 meter til stien flatar litt ut heilt på kanten av Svarta (1051 moh).

Du får knappe 1000 høgdemeter på denne turen, så det er viktig å porsjonere ut kreftene.På strekka opp frå Krossfur er det flott utsikt, så det kan løna seg å stoppa og nyta den av og til.

Ver obs på sauer på beite. Å ha hunden i band er ein sjølvfølge.

Adkomst

Med bil til Ålvik (parkering ved skulen).

Stoppesteder

Buss til Ålvik.