Vikasletta/Løvegapet - Sætre

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.927 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 45 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 74
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Terreng: hei, lyngmark og myrar, lett terreng fram til Slettevika, bratt over til
Sætre. Frå Slettevika går stien oppover eit høgdedrag og ned ei bratt skråning til Sætre. Stien er merkt fram til Sætrehilleren, ein utgraven fangstplass som var i bruk heilt frå steinalderen. Det rek mykje boss inn til Roaldsfjorden kvart år. Det skuldast nok spesielle straumdrag. Hugs å lata att grinda i skråningen ned mot Sætre. Det går sauer på beite. Hugs og å ha hund i band. Både i Slettevika i Roaldsfjorden og i Sætrevika er der fine badeplassar. Sætrehilleren ligg på sørsida av Skjeljavikjo, ca. 50 meter opp frå stranda. Det er ein stor hiller som heng meir enn fire meter ut frå fjellet som eit tak. Under hilleren vart der gjort arkeologisk utgraving sommaren 1932. Det synte seg at det har budd folk under hilleren i lange tider, frå steinalderen fram til folkevandringstida (5 - 600 år e. Kr.). I “kulturlaget” var det bålrestar og avfall frå buplassen, skjeljer og sneglehus, bein av fisk, fugl og dyr. Djupast og heilt inne ved fjellet låg anglar av bein frå steinalderen. Øverst vart det funne fleire saker frå jernalderen, m.a. ein kam av bein med runeinnskrifta: “Hal mar maunar ala ma alu nana” (Hill deg mø blant møer, vern (lykke) for nana). Staden har vore ein fiske- og fangstplass, der ein på føresommaren har jakta. Kjelde: Bømlo Tur- og Sogelag

Bømlo tur - og sogelag arrangerer ein tursti-konkurranse på stiane på Søra Bømlo. Målet med dette er å motivere fleire til å nytte den flotte naturen på Bømlo. Alle stiane er familievenlege og lett tilgjengelege for små og store. Konkurransen startar 1. februar 2015 og varer fram til 1. november 2015. Trekning blir i løpet av november. Sjå følgjande link:
http://www.b-ts.no/Sogelaget/Oppslagstavle/Innlegg/2015/1/16_Tursti-konkurranse_files/Tursti-info.pdf

Adkomst

Stien tek av frå riksveg 541 like sør for Løvegapet. Der er tillaga
parkeringsplass. Ein bør gå med støvlar, for det samlar seg opp mykje vatn på delar av stien i regnperiodar.

Linker