Norddalsfjord. Støylen eller Nordre Midtbøstøylen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.732 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 328
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Støylen står på kartet, men den kallast også Nordre Midtbøstsøylen eller Støylen nord om fjellet.

Turen startar med å gå vegen 150 m mot Grøndalen, ta av på skogsvegen på venstre sida og gå vidare opp ein bratt bakke til skogsvegen flatar ut. Der tek ein av til høgre langs eit hamrelag ca. 150 m til ei klynge med store lindetre. Der følgjer du ein dyresti mot nord oppover langs ein hammar. Ved enden av hammaren tek ein til venstre vidare opp lia og følgjer stien som svingar 180 grader mot sør til ein får utsyn over Sunndalsvatnet. Der tek ein til høgre vestover over ei myr og kryssar ei lita elv, Storelielva. Deretter går ein vidare oppover ein furukledd kolle til eit berglendt høgdedrag. Her kan ein nyte flotte utsyn vestover mot Midbø og austover mot Sunndalen. 

Følg høgdedraget vestover mot Støylsvatnet, og ved enden av Støylsvatnet tek ein til høgre og kryssar elva ved utløpet. Deretter følgjer ein stien mot nord til støylen som ligg idyllisk til i skogen like ved utløpet. Om elvane er flaumstore, kan ein gå over myrane og kollane nord for elvane, men der får ein ikkje så fint utsyn. 

No er det att ein støyl den andre vart flytta attende til Midtbøstøylen i 2017 (støylshuset var då 90 år).

Turen er gått 03 05 20. Den er gått frampå berget før ein går bort og ser på støylen. Det er ein fin rasteplass på berget med god utsikt. 

Sporet på kartet går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst

Køyr på fylkesveg 544 mot Grøndalen i Norddalsfjorden, forbi Sunndalen og parker ved brua over elva mellom Nedstevatnet og Sunndalsvatnet 17,5 km frå Norddalsfjordkrysset

Linker