Bergeseidet- Hjartnesvågen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.614 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 77
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Lengde: ca. 2 km. Tid: ca. 20 - 30 min. Terreng: kupert skogsterreng, litt myrlendt
Turen: Stien tar av i sti-krysset på nordsida av bekken ned til Bergeseidet.
Skilt merka “Hjartnesvågen” viser retningen, først oppover ei litt bratt li, og
vidare innover i skogen i nordaustleg retning. Ein fin skogstur, merka fram til
Hjertnesvågen. Derifrå kan ein gå på gardsvegar og stiar fram til
Tjongspollen, men ein vil då gå over privat eige. Hald hund i band. Her er
beiteområde for sau. I Hjertnesvågen rek det diverre mykje boss i land.Stien går gjennom eldre fureskog fram til fint kulturlandskap i Hjartnesvågen og
garden Hjartnes. Her er det ei idyllisk vik med naust og gammalt almetre.
Utsiktstopp mot Tjongspollen og Bømlafjorden.

Bømlo tur - og sogelag arrangerer ein tursti-konkurranse på stiane på Søra Bømlo. Målet med dette er å motivere fleire til å nytte den flotte naturen på Bømlo. Alle stiane er familievenlege og lett tilgjengelege for små og store. Konkurransen startar 1. februar 2015 og varer fram til 1. november 2015. Trekning blir i løpet av november. Sjå følgjande link:
http://www.b-ts.no/Sogelaget/Oppslagstavle/Innlegg/2015/1/16_Tursti-konkurranse_files/Tursti-info.pdf

Adkomst

Det går turløyper fra Berge eller Andal

Linker