Nordsjøløypa på Fedje - kort løype

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.165 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 67
Sesong: Hele året
Område: Fedjemyrane landskapsvernområde med tilhøyran Nordhordland

Beskrivelse

Denne turen er ein kort variant av Nordsjøløypa på Fedje.

Nordsjøløypa startar frå parkeringsplassen i Tresneset som ligg på nordvestsida av Husavatnet. Her er det sett opp informasjonsskilt. I krysset sørvest for Husavatnet kan du velje mellom den lange turen til fyret eller denne korte turen tilbake til Fv423 Stormarkvegen midt på øya, som enten tar deg tilbake til hamna i nord eller Stormark i sør. Frå Fv423 Stormarkvegen midt på øya kan du også fortsette på Fjordløypa som går ned mot Stormark og ta Fv423 tilbake til hamna.

Hugs godt skotøy, det kan vere vått og glatt i løypa!

Det er tre Nordsjøløyper på Fedje. Det er fint mogleg å gå alle tre i ei lang sløyfe som ein dagstur. Som ein del av turen kan du legge inn ein «topptur» til Fedjebjørnen, som med sine stolte 41,9 m.o.h. er Norges nest lågaste høgaste punkt.

Etter turen kan du få kjøpt signert diplom på Fedje Landhandleri som eit handfast bevis på at du har gått Nordsjøløypa på Fedje.

På Fedje finn du også Fedje trafikksentral, krigsminnesmerke, kulturløype og eit koseleg lite bibliotek på ferjekaia. Øyene nord for hovudøya på Fedje byr på moglegheiter for spektakulære padleturar i kajakk, men ver oppmerksam på at vêrforholda i havet kan endre seg plutseleg og raskt.

På Fedje kan du i sommarsesongen overnatte blant anna på Landsbykafeen og på Fab nr. 8. Der kan du også bestille mat og drikke, og take-away.

På kaia finn du Matkroken med eit rikt utval av daglegvarer og andre aktuelle varer. Ved ferjeleiet ligg Fedje Landhandleri med eit spanande utval av litt av kvart, som rett og rimeleg er på eit landhandleri. Her finn du og kortreist mat, samt kunst frå lokale kunstnarar som Eide Glass. I landhandleriet finn du også Fedje turistinformasjon.

Meir informasjon finn du på www.destinationfedje.no. Velkomen til landsbyen i havet!

Adkomst

Til Fedje kjem du enten med bil, buss eller sykkel. Set du att bilen på Sævrøy ferjekai, er det gratis overfart med den nye ferja «Fedjebjørn».

Linker