Skorpa Blåkollen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.163 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 415
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Blåkollen er den høgste toppen på øya Skorpa med sine 393 moh ved varden. Herifrå er det ei fantastisk utsikt over alle øyane utanfor Florø by, til Bremanger i nord, innover til byen og til Askvoll sine øyar lengst sør.

Blåkollen frå rutebåtkaia: Følg bilvegen opp til krysset og ta til høgre vidare til du kjem til Skorpevatnet. Gå på sør/vest sida av Skorpevatnet. Rundt Vassfjellet på vest og litt på nord sida. Stien er merka vidare oppover til høgste punktet.

Ned att går du same vegen til rutebåtkaia eller følgjer stien til Båsundet som går rundt øya og tilbake.

Blåkollen frå Skorpeide: Det er ikkje rutebåtstopp på Skorpeide, men ein kan be rutebåten sette ein i land på veg utover til Skorpevågen. Det er ikkje merka sti, men ein går langs ryggen utover til Blåkollen.

God tur!

Adkomst

Rutebåt til Skorpevåg. Eigen båt til Florø Båtforening si uthavn i Æsøysundet

Linker