Svanøy Nordsjøløypa

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.826 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 203
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Nordsjøløypa på Svanøy går rundt Kvalstadfjellet med avstikkarar undervegs.

Følg vegen frå rutebåtkaia til Svanøy Hovudgard, ta til høgre og følg vegen til Nordsjøløypeskilt med blå N til venstre. Følg traktorvegen i ope kulturlandskap og gjennom granskog. Om litt ser ein skilt ut til høgre som viser blåmerka sti over Trolleskaret, som er eit kortare turalternativ. Ta gjerne avstikkarar frå stien og ned mot sjøen der ein kan finne jettegryter

Den lengste Nordsjøløypa følgjer traktorvegen vidare, og går etterkvart over i sti gjennom furuskog og svingar mot nord igjen og følgjer hjortehegnet til Norsk Hjortesenter. Litt klyving i stien inntil hegnet, og ei trapp ned over bratt berg. Stien følgjer hegnet fram til traktorveg og stikryss. Her kan ein gå bort på vegen og gå til Kvalstad og Norsk Hjortesenter eller til høgre til Svanøybukt kai. 

Nordsjøløypa går vidare til høgre i stikrysset, følger traktorvegen over Kvalstadmyra, forbi Kvalstadvatnet på venstre hand og til Villmarksleiren. Her er bålplass og benkar. Stien går vidare opp bakken og til venstre inn på traktorveg som ein følgjer til bilvegen ved Eikehagen. Ta til høgre og følg vegen tilbake forbi Solhaug gard og vidare til Strandsbøkrysset.

God tur!

Adkomst

Rutebåt til Svanøybukt Eigen båt til Svanøybukt og Kvalstad

Linker