Aabergsnibba (og alternativ rute til Flatsteinbu)

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.622 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1263
Sesong: Mai - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Aabergsnibba er eit fint turmål i seg sjølv, eller som et "via-punkt" for ei alternativ rute til Flatsteinbu. Flott utsikt over både Brenndalen og Oldedalen.

Tid til Aabergsnibba ca 2 timar, og ca 4 timar heilt til Flatsteinbu.

Stien følger ruta til Kvamssetra og vidare bakover Kvamsdalen på stien mot Flatsteinbu, MEN tek etter eit stykke av mot høyre opp i "hjortemarka".

OBS: Dersom du kjem til en stor stein med Nasjonalpark-skilt må du gå ca 100 meter tilbake.

Du går skrått opp og bakover igjen mot kanten av ryggen (sjå bilde) . Stien er litt av og på, fra gode hjortetråkk til utydelige spor. Du finn evt greit din eigen veg, og følger du ca GPS-sporet kjem du greit fram. MEN du bør ha bevegd deg i ulendt terreng tidlegare, og like eit snev av ekspedisjon!

Etter å ha runda kanten av lia sikter du deg vidare mot oppsida av ein stor buldrestein (sjå bilde) . Derfrå held du høgda heilt til du naturleg går skrått opp til tuppen av nibba.

Vegen mot Flatsteinbu følger ryggen opp og bakover. Grei sti i starten opp første kleiva, men etter kvart finn du bare vegen over berg og lyng og toppar til du ser Flatsteinbu framme på venstre hand.

Ein del vil kanskje foretrekke å ta denne ruta på returen.

Adkomst

Parkering ved turstart på Kvame