Kvalen og Nonsnibba

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.593 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1623
Sesong: Mai - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen Jostedalsbreen nasjonalpark

Beskrivelse

Kvalen er Oldedalen sitt svar på Hallingskarven, og Nonsnibba er ein fin avstikkar for eit eksepsjonelt utsyn over Oldedalen i full lengde.

Første del av turen går på godt oppmerka rute frå Melkevoll Camping til Oldeskaret (sjå Ut.no sin turbeskrivelse). Frå Jarbu i Oldeskaret er det ikkje sti eller merka rute, men det er åpent og godt fjellterreng å ta seg fram i.

Kvalen og Nonsnibba er lokale namn som ikkje står på kartet, men Kvalen er avmerka som "1712" bak Høgalmebreen, og Nonsnibba er nordaust-hjørnet av Flatefjellet.

Frå Jarbu har du utsikt mot Kvalen heile vegen, så det er lett å finne fram. Følg foten av Blåfjellet bakover, og så må du bare finne den naturlege ruta i terrenget vidare via Flatefjellet. Sporet som er lagt opp her gir ein ca peikepinn på kor du bør gå. Det ligg ein liten botnbre mellom Flatefjellet og Kvalen, og forslaget her er å gå sør om den opp og nord om den ned mot Nonsnibba på returen.

Ein sjeldan flott tur i variert terreng. Panoramautsikt over Jostedalsbreen og Myklebustbreen, med f.eks Snønipa i vest, Lodalskåpa i aust, Honndalsrokken i nord, og Suphellenipa i sør.

Adkomst

Parkering på Melkevoll Camping