Norddalsfjord Gravplass til Litlevatnet, Storevatnet og Fessestølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.395 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 292
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar frå gravplassen i Norddalsfjord.

Det er merka med raudt. Vi følger skogsvegen til Litlevatnet til den sluttar og går over brua. Vidare går du på godt merka sti. Krysser elva frå Hestedalen på bru. Stien fortset vidare opp den trange dalen Kupene forbi Nesjeholten og innover mot Storevika ved Storevatnet. Litt bratt opp ei kneik frå Storevika og terrenget flatar ut mot Fessestølen / Stølen på 170 moh. Dei gamle stølstuftene finn ein ikkje lengre.

Her går ein i gammal skog med eit gammalt eiketre som er holt og som du kan stå i. Det er merka opp til den store furua og den hole eika. Her kan ein gå frampå og sjå ned til Fessevatnet og du ser Grønskredfossen. Videre er det merka til tuftene til den gamle Fessestølen, her ser du ned på Storevatnet.

Om stølslivet på Fessestølen kan ein lese i boka: "Ferdslevegar i fjella mellom Norddalsfjord, Hyen og Eikefjord" som Jostein Midtbø har skrevet. Det var Rakel Kalsvik som støla.

Sporet på kartet går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst

Følg Rv 614 til Straumsneskrysset og vidare på fylkesvei 544

Linker