Norddalsfjord. Moane til Midtbøstøylen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.297 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 412
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dei sju sela på Midtbøstøylen er mykje brukt og der er eit grindbygg som er åpent for alle. Bålpanna står klar til bruk.

Følg vegen frå idrettsplassen i ca 300 meter og ta av til høgre ved pilskilt til Midtbøstøylen. Støylsvegen er godt merka og god å gå. Opp Brekka er det litt bratt og ein kan unne seg ei rast på Kvilet og reflektere over Vinje sine ord: «Å kvile på vegen gjev styrke i bein, og kan du, så bør du det gjera». Følg stien vidare til stølen der sela ligg på rekkje langs ein bergknaus. Om du vil kan du fortsetja turen til Midtbønipa.

Eit støylshus blei flytta til "Støylen nord om fjellet" (Nordre Midtbøstøylen), men blei flytta tilbake til Midtbøstøylen i 2017 (støylshuset var då 90 år).

Sporet på kartet går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God Tur!

Adkomst

Følg rv 614 til Straumsneskrysset og vidare på fylkesvei 544

Linker