Hjelle - Hjellestølen - Steinheia

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.029 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 798
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar bratt opp frå Hjelle og følgjer grovt sett kraftgata opp til Hjellestølen og stidele til Førdsnipa. T-merking ut fra stølen mot Steinheia er noko slitt, men det er tydeleg sti og stedvis varda. Grei tur for alle om ein tek tida til hjelp.

Steinheia, 896 moh, er høgaste punkt som er tilgjengeleg i 'gangavstand' frå Førde sentrum. Du kan ta turen heile året, men når snøen ligg kan det vere vanskeleg å finne vardane og merkinga ovanfor Hjellestølen.

Adkomst

Hjelle ligg ved fv481, Angedalsvegen, 4,5 km nordaust for Førde sentrum. Du kan ta bybussen som har siste stoppestad og snuplass nokre hundre meter før startpunkt. Med bil finn du parkeringsplass ved startpunktet rett under høgspentlinene som kryssar Angedalen.