Norddalsfjord. Moane til Midbønipa / Midtbønipa

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.864 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1084
Sesong: Mai - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Midbønipa / Midtbønipa 970 moh er den spisse fjelltoppen som ligg mellom Sunndalsvatnet i Norddalsfjord i nord og Lykkjebøvatnet på Lykkjebø i sør.

Følg vegen frå idrettsplassen i ca. 300 meter og ta av til høgre ved pilskilt til Midtbøstøylen. Stølsvegen er godt merka og god å gå. Opp Brekka er det litt bratt og ein kan unne seg ei rast på Kvilet og reflektere over Vinje sine ord: «Å kvile på vegen gjev styrke i bein, og kan du, så bør du det gjera». Følg stien vidare til støylen der sela ligg på rekkje langs ein bergknaus. Dei sju sela på støylen er mykje brukt. Der er også eit grindbygg som er åpent for alle. Bålpanna står klar til bruk.

Frå Midtbøstøylen kan du gå vidare til Midtbønipa. Det er merka sti austover i lett terreng. Ved «vegskillet» ca. 1,5 km aust for støylen må du følgje pilskiltet mot Lykkjebøen / Løkkebø. Vidare forbi Gokleiva og opp Rognebakkane der det er litt bratt. 

Snart er du ved Varden, ein stor stein, der er det eit pilskilt som viser veg til Midtbønipa. Herifrå er det ca. 250 høgdemetre opp og du vil finne stien som er varda oppover til toppen.

Eit støylshus blei flytta til Støylen nord om fjellet (Nordre Midtbøstøylen), men blei flytta tilbake til Midtbøstøylen i 2017(støylshuset var då 90 år)

Turen er gått 15 08 21. Sporet på kartet er ei rettesnor og går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst

Fylkesveg 644 til Moane - Idrettsanlegget i Norddalsfjord

Linker