Masdalsgjerdet - Klungeren

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.635 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 479
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar frå parkeringsplassen langs vegen ved Masdalsgjerdet og går på gårdsveg ned mot solid bru over Kvanndalselva. Etter brua tar du til venstre og går over ei lita bru i enden av vegen. Stien tar av mot høgre etter brua, opp ein kant og rett fram. Til høgre når du kjem inn på myr. Deretter er det eigentleg berre å følge open terreng over myra og oppover. Ruta er middels tung. Ho har ingen bratte parti og kan nyttast heile året; til fots, på truger eller ski. På toppen er det fantastisk utsyn vestover med hestane og Dalsfjorden. Herfrå kan du óg sjå ned på flyplassen på Bringelandsåsen.
Vinterstid kan ho vere vanskeleg på veg ned att i flatt lys eller dårleg sikt. Ver forsiktig og ta det roleg.

Adkomst

Avkøyring frå E39 omlag fem kilometer aust for Førde, skilta til Sundsdalen. Køyr heilt til du har passert Digrenesvatnet ned til høgre og gjennom gardstun. Det er laga til parkering langs vegen ved startpunkt.