Topptur til Steinegga frå Berg i Jølster

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 8.528 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 813
Sesong: Hele året
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Turen er relativt lett å gå med vel 4 km lengde og ca. 800 meter stigning.
Første del av turendel går på dyrka mark. Etter at du har passert ei gammal uteløe går stien på skogsveg. Du passerer Gamlestøylen og har utsikt ned mot Bergstøylen som ligg i dalbotnen. Vidare til høgre ( nordaust ) før stigninga opp mot toppen. Føl botnen til du rundar mot vest og går ryggen oppover til du igjen dreier nordover og opp på toppen og får utsikt mot Botnadalen i Førde. Området har hellingar som er over 30 grader, men dei kan lett omgåast om det er rasfare.

Adkomst

Kjem du frå Førde tek du av mot Berg 3,5 km etter Vassenden og køyrer til flata før vegen tek ned igjen mot Jølstravatnet. Ofte er det utbrøyta
parkeringsplass på sørsida ( høgre ) sida av vegen. Kjem du frå Skei tek du av til høgre ca 3 km etter Ålhus og føl ein forholsvis smal veg heilt
til vegen snart går ned igjen. Parkeringsplassen vert då på venstre side etter ei bru nedanfor ein raud driftsbygning. Turen startar bak denne.