Rundt Hopsdalen: Lang fottur frå Furebotn til Haugsvær

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 14.32 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 8 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 963
Sesong: Mai - Oktober
Område: Nordhordland Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Krevande dagstur med spektakulær utsikt langs kanten av heile Hopsdalen i Masfjorden. Turen går innover langs nordsida av dalen og utover langs sørsida. Det meste av turen ser du rett ned i dalen, og turen har flott utsyn til fjord og hav og innover mot Stølsheimen.

Terrenget er stort sett åpent og lettgått. Men mykje av turen går utanfor sti eller på sti som nokre stader er lett å miste. Dei flottaste utsiktene får du ved å gå nærare Hopsdalen enn på dei innteikna stiane. Kart og kompass/GPS er heilt nødvendig. Gå forsiktig på alle kantar og stup!

Detaljert turskildring:

Start der fylkesvegen kryssar elva like nedanfor gardane på Furebotn, på 150 moh. Gå på oppsida av steingardane rundt bøane, og ta etterkvart opp ein sti i eit bratt bekkesøkk mot søraust i retning det lågaste punktet på den skogkledde åsen (Sygnegga), der kraftlinjer kryssar åsen. I den åpne furuskogen får du glimt over mot Haugsvær, dagens mål. Følg sti mot nord. Etter ei bratt kneik gjennom eit plantefelt, går stien litt ned gjennom eit skar med utsyn mot fylkesvegen du køyrde. Ved ei lita hustuft svingar stien mot høgre rundt ein haug og så oppover igjen.

Snart er du over skoggrensa på ca 500 moh. Stien følger ute mot kanten av dalen (men ta gjerne små avstikkarar for å få god nedsikt) fram til vatn 694 moh. Vidare over mot Grønefjellet går den litt lenger inne og blir til tider uklar. Det er vel verd å heller halde lenger mot høgre langs og rundt det mektige Buleitegjelet. Her møter du den T-merka stien mellom Kringla og Stordalen. Men også deretter gir det svært flott nedsikt å halde til høgre, ut mot stupa innerst i dalen.

500 meter før Dukestølen tar du av til høgre, på skrå 150 høgdemeter utan sti nedover lia og ute langs loddrette stup, til vestenden av eit smalt vatn på ca 630 moh. Opp på andre sida og hald høgda på sti under Gavlen og bratt ned til Stemmevatnet. (Herifrå går ein stølssti ned i Hopsdalen og ut til bilvegen ved garden Hope.)

Rund nordenden av vatnet og gå utan sti rett opp ryggen (hald lengst mogleg til høgre for god nedsikt) til høgdepunkta 762 og 745 moh. Deretter bortover Rustefjellet til Fjellet (772 moh.) med flott utsyn. Herifrå er det merka og god sti 700 høgdemeter bratt nedover gjennom skogen til du møter E39 ved Haugsvær.

Adkomst

Sett éin bil langs E39 nedanfor Haugsvær. Ta av frå E39 på Kringla, køyr ca 3 km vestover på fv 571. Parkér ved brua nedanfor gardane på Furebotn.

Stoppesteder

Ekspressbuss frå Bergen eller Førde til Kringla. (Lokalbusstakst med Skyss-app Bergen-Kringla.) 3 km å gå på fv. 571 til Furebotn. Alternativ: Gå 400 høgdemeter opp det bratte skaret rett sør for Kringla/Husevatnet og bort til du møter stien sør for Jernfjellet.