Nordheia - Djupeviknipa

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.882 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 209
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen er blitt ei svært populær ettermiddags- og kveldstur. Den startar på austsida av Nordheitunnelen, 9 km frå Førde på riksveg 609 mot Askvoll, same stad som turen til Fauskevarden. Starten ligg på ca. 450 moh. og går oppover gjennom småskog i lettgått terreng på nordsida av vegen. Du når toppen på Nordheia 662 m.o.h. etter kring tre kvarter. Toppen ligg på eit ganske flatt platå med blant anna god utsikt til Litjehesten, Storehesten og Heilefjellet. Frå Nordheia går turen vidare i svært lettgått terreng vestover og utover til Djupvikheia, 650 moh, med storslagen utsikt blant anna utover Førdefjorden. Nokre meter lenger nord kan du óg nyte utsikta over omtrent heile Naustdal kommune, inkludert fjorden og sentrum. Turen kan gåast heile året, men kan vere utsatt for ver og vind på toppen.

Adkomst

Med bil tek du av frå E39 rett sør for Førde sentrum og følgjer rv609 ni kilometer mot Askvoll. Det er parkeringsplass på begge sider av vegen på austsida av tunnelen. Det går óg rutebussar mellom Førde og Stongfjorden/Askvoll fleire gonger kvar dag. Sjå rutetider hos Firda Billag.

Linker