Topptur til Grovabreen frå Dvergsdalsdalen.

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 12.951 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1109
Sesong: Januar - Desember
Område: Breheimen med jostedalsbreen Jostedalsbreen nasjonalpark

Beskrivelse

Dette er ein klassisk tur til det som er det høgste punktet i Førde kommune. Grensa mellom Førde og Jølster går på høgste punktet på breen. (1633 moh.) Turen startar i Dvergsdalsdalen. Ein kan følgje vegen mot Dvergsdalstølen og parkere på ein tilrettelagt parkeringsplass der. Det er fleire moglege trasear, men om ein startar opp skogsgata som ligg igjen etter kraftutbygginga, vil ein kunne få ein fin rundtur ned igjen til Dvergsdalsstølen og parkeringsplassen. Etter Stølsnova tek ein sørover ( til høgre ) og føl Saleggja vidare. Her får ein fin utsikt mot Kjøsnesfjorden og med litt hell kan ein sjå ein lokal reinsflokk som går i området.
Stigning opp mot breplatået er relativet bratt, men utan store sprekker i skisesongen. Om ein vil nå høgste punktet på breen, går ein vidare austover, men det er lite utsikt å hente der. Ved stor skredfare er det tryggast å følje same veg tilbake som opp, men dei finaste renna får ein absolutt om ein vel å renne ned Fagredalen. Dette terrenget kan vere skredutsett fleire stader, men og ein held seg til den nordaustre sida av dalen til ein kjem til enden av Nykjen er det ein rimeleg trygg tur. I 2004 gjekk det ein skred ved utløpet av Fagredalen. Ein person omkom den gongen. Hald midt i dalen i dette området der det er under 30 grader helling. Ein kan også halde hellinga inn mot Nuken og kome ned på Dvergsdalsdalen eller ta den litt brattare bakken ned igjen til kraftgata og parkeringsplassen.

Adkomst

Om ein kjem får Vassenden sida av Jølstravatnet, tek ein av etter ca. 14 km. mot Dvergsdalsdalen ved Myklebust. Kjem ein frå Skei tek ein til venstre ca 1 km etter brua over Kjøsnesfjorden.