Haukåvatnet - Haukånipa - Blålidalen - Haukåvatnet Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.496 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1262
Sesong: Mai - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar ved parkeringsplassen i vestre enden av Haukåvatnet. Gå mot aust frå parkeringsplassen og følg traktorvegen oppover til stølen. Stien startar austafor stølen. Følg stien vidare opp gjennom skogen og deretter kryss ein liten bekk. Følg stien til venstre langsmed bekken. Fortsett vidare på legdene og oppover fjellkammen vestover. Stien er delvis varda. Frå toppen er det utsikt utover øyane og innover til Børa, Midtbønipa og Blånipa.

Om du vil gå rundturen frå varden på toppen, går du nordover og følg høgdedraget - ikkje gå for langt ned. Du krysser over Blålidalen og elva mest på toppen. Gå litt ned i dalen og kryss over elva igjen. Fortset nedover mot Gulskarlivatnet og mot Tjørnesvatnet men hald høgde. Ta ein tur opp på fjellryggen sør om Tjørnesvatnet - der er det fin utsikt utover mot Florø. Følg fjellryggen austover til endes og gå ned Rimma tilbake til traktorvegen og ned til parkeringsplassen.

Sporet er gått 8.juni 2021

Adkomst

Kjør rv 614 til Haukåvatnet

Linker