Litle Eikevik til Nipevatnet via støylane til Hestvika

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 15.901 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 7 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 991
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar i Litle Eikevik ved Endestadvatnet. Starten av stien er godt merka på vegen mot Lykkjebøen / Løkkebø med skilt til Øyrastøyl / Blåvatnet og Nipevatnet. Stien går i lett terreng jamt oppover og eit stykke oppe i den første lia kjem du inn på stien frå Eikevika. Stien frå Eikevika er stien dei dreiv dyra til støls på i eldre tider.Litt lengre oppe må du krysse ei lita elv. Rett før Øyrastøylen er det ei ny elv som kan være vanskeleg å krysse ved stor vassføring. På Øyrastøylen står det eit sel. Stien går forbi støylshusa og opp berga ovanfor støylen. Det er bratt, men snur du deg og nyt utsikta inn i mellom får du mange fine opplevingar. 

Vel oppe ved Blåvatnet er det fint å ta ei pause på berga. I nord ser du fossen ned frå Djupedalen.

Turen vidare vestover til Nipevatnet går opp bakkar med flater og små vatn imellom. Her er Grunnevatnet og stigninga i enden er den siste harde kneika før du er på toppen på Okseryggen. Derfrå går det slakt nedover igjen før du er framme ved Nipevatnet.

Frå Nipevatnet, følg stien som går ned til Hovlandsstølane. Ved Hovlandsstølane kan du velge om du vil følgje traktorvegen ned til Rv5 eller fortsette på den merka stien austover til Eikefjordstøylen. Stien startar ved turbokkassa rett nedenfor Hovlandsstølane. Følg stien til Eikefjordstøylen. 

Vidare frå Eikefjordstøylen og opp til Indrestøylen / Indre Knappstadstøylen, der er merka rute. Det er også merka sti ned til Rv5 frå Eikefjordstøylen og Ytrestøylen / Ytre Knappstadstøylen. 

Frå Indrestøylen / Indre Knappstadsøylen går du ned til Ytrestøylen / Ytre Knappstadstøylen. Frå Ytrestøylen / Ytre Knappstadstøylen går du vidare ned Strupen til Stegane. Hald fram via Urrabben og ned til Hestvika, parkering ved Kalveneset.

God tur!

Adkomst

Fylkesveg 615 frå Storebru til Litle Eikevik. Rasteplassen i Eikefjord på RV 5. Parkering ved Kalveneset på Fv 615 for turen opp til Urrabben og Uravatnet .

Linker