Ramsdalsheia til Solheimsnipa / Ramsdalsnipa / Varden. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.44 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 447
Sesong: Mai - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Toppen med tre namn - Solheimsnipa, Ramsdalsnipa eller Varden på Ramsdalsheia.

Frå parkeringsplassen på Ramsdalsheia er det tre turmoglegheiter: Du kan gå på vestsida av Trollstova, opp og over tunnelen eller gå rett opp til høgre for tunellen eller gå rett opp mot masta/sendaren. Dei to siste alternativa vert då ein kortare tur enn om du går over tunellen. 

Går du opp til høgre for tunellen eller rett opp til masta så er det bratt til å begynne med, men resten av turen er slakk oppover mot nipa. Vel oppe er det fin utsikt i alle retningar. Stien er synleg og delvis varda. Tid opp over tunnellen omlag 1,5 time. Opp via masta 1 time.  

Turtips vinter: Det er ein fin skitur til Solheimsnipa / Ramsdalsnipa / Varden om vinteren og tek ca 1 time. Spesielt er unnarennet nedatt fint. Kan anbefalast som måneskinnstur. Det er også ein fin tur å gå med broddar eller trugar.

NB! Vinterstid - gå opp på vestsida av Trollstova og følg tracen på sommarløypa som er ei rettesnor.

Sporet på kartet er gått som ein rundtur 29.august 2020. Det går opp rett ved og til høgre for tunnelen og ned att over tunnelen. Det er gått på sida av våte og glatte parti.

Tenk sikkerhet, ha respekt for vind og vær og sjekk snøskredvarsel på varsom.no før du legger ut på tur!

God tur!

Adkomst

Ramsdalsheia. Ta av frå Rv 5 på Svarthumle mot Ramsdalsheia

Linker