Rødde Vegen til Høge Varden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.09 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 435
Sesong: Mai - November
Område: Sørlandskysten

Beskrivelse

Ein mykje brukt rideveg gjekk parallelt eit stykkje nordafor noverande køyreveg mellom Birkeland i Hægebostad og Kvinesdal. Folk kalla han Rødde vegen. Han gjekk opp frå midt i garden på Ross-Eikjeland, og så gjekk han fyrst innom tunet på det sørlegaste bruket i Bakkjen. Frå Bakkjen er ridevegen no traktorveg i 400 m til Hestmyr. Deretter går ridevegen i øvre kant av myr, opp Hestdalsbrotet, nedom ei slags steinhellebru der myra renn ut or Lægje og vidare jamt oppover.

På toppen av kleivane heiter det Mòrånsbitletå. Der åt dei morgonbiten (frukosten) når dei skulle på heia. Herifrå kan ein sjå vêrradaren på Stakksteinsliknuten. Straks etter at Slethei har teke til, kryssar ridevegen Prestkjeldå. Ho kjem opp or ein sprekk på nordsida av vegen, og på sørsida av vegen er bekken djup nok til at ein kan ta seg ein kopp med oppkomvatn. Ridevegen går flatt bortetter Slethei, under foten av heia nordanfor Haltetjødn. Der ridevegen går over utlaupet av Store Myran, går det an å koma til i frå noverande køyreveg. Ridevegen held fram over berg og dal opp til Høge Varden.

Høge Varden (eller Store Varden) er ein vegvisarvarde oppå ei diger steinblokk, 503 m over havet. Herifrå var det vidt utsyn, m.a. til sjøen utanfor Fedafjorden, for her var det heilt snautt. Noko av utsynet har grodd att med tre siden 1950-åra. Ridevegen gjekk eigentleg 50 m nord for varden. Ein bedehusmur ligg 50 m sør for varden.

Ridevegen held fram mellom dei to Stivlevatnan og kryssar kommunebytet ved Stivleknutheddaren. Det er ein liten heller under fast fjell. Ridevegen skrår oppover nordsida av Stivleknuten. Utsyn mot den nedlagde garden Gløvre. Men så tek det til å bera utforbakke. Like før den brattaste utforkleiva attmed sørsida av vegen, ligg det ein låg klovna stein som blir kalla Kjeddingkjepten.

Ridevegen går utfor den brattaste utforkleiva. Han held fram over flatare skogsheiar mellom mange tidlegare myrslåtter. Ridevegen kjem ned til Bø like før Årliå. Opphavleg heldt han fram ned Mannekleivå til Moi.

Kilde: Torfinn Nordmann Hageland, Den store hellerboka for Agder og Rogaland, 2008.

Adkomst

Fra Fv 43 i Birkeland i Hægebostad, ta inn mot Røydland og Kvinesdal. Stien starter ved Bakken, ca 1,2 km etter krysset ved Lykke bru. Fra Kvinesdal starter stien ved Bø, ca 3,2 km opp veien mot Birkeland fra Moi i Kvinesdal.