Einhovden - boltreplass for borna.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.702 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 491
Sesong: Hele året
Område: Arna Bergen

Beskrivelse

Turen går frå parkeringsplass ved Stølsvegen i Indre Arna. Frå parkeringsplassen kan ein velje å gå mot nord på Rambergsvegen eller mot sør på Reppardalsvegen. Denne turen går sørover på Reppardalsvegen som svingar seg oppover lia aust for Arnatveit. Etter omlag 2 km på grusvegen vil turmålet Einhovden kome til syne på venstre side. Gjennom ei grind og nokre meter rett vest vil ein møte eit flott utsyn over Arnadalen og moglegheit til å søkje ly i gapahuken. Gapahuken er bygd av Arna Aktiv, som er eit rehabiliteringstiltak i Bergen kommune for personar med rusproblem. Om ein vil halde fram på grusvegen vil ein kunne nå Arnanipa eller naturreservatet Reppardalen.

Adkomst

Frå Øyrane Torg - følg Ådnavegen, i rundkøyring ta 2. avkøyrsle ut på Garnesvegen, i rundkøyring ta 1. avkøyrsle ut på Indre Arna vegen, sving til venstre etter Arna Idrettspark og inn på Stølsvegen. Parkeringsplass finn ein rett nord for den nordligaste blokka i Ådnamarka borettslag.

Stoppesteder

Buss nr 90 frå Arna terminal eller frå Nesttun terminal eller tog til Arna stasjon.