Rømlingehytta i Bønardalen, Årdal.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.713 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 224
Sesong: Hele året
Område: Ryfylke

Beskrivelse

Siste krigsvinteren, i 1945, måtte tre personar som hadde dreve illegalt arbeid, gøyme seg i ei lita enkel hytte i Bønardalen i Årdal. Dette var Rasmus Jonassen, Mette Bredal og Johannes Skår.
Den vesle hytta som berga livet til desse tre er for lengst rotna ned og borte. Men i 2009 sette Kurt Børge Nummedal opp ei hytte på same staden til minne om det som skjedde her oppe vinteren 1945. Hytta er enkel, men mykje meir for seg gjort enn den som stod her under krigen. Hytta er ulåst og du kan besøke den når det måtte passa for deg. I hytta kan du sitje i ro og fred med fritt utsyn over Årdalsbygda og Årdalsfjorden.
Ei stor takk til Kurt Børge Nummedal som fekk reist dette minnesmerket!

Adkomst

Frå Årdal sentrum følgjer du skilta veg mot Eventyrskogen. Her kan du parkere ved P-plass til Eventyrskogen og gå vidare langs vegen som går oppover lia. Ved skilt til Skogerbø, etter ca 300 m, tek du av til venstre og går opp mot brua der vegen går vidare mot Måmyra. Før brua svingar du til høgre og følgjer vegen ca 400 m opp til skilt til Rømlingehytta, dette finn du på høgre side av vegen.