Ramsdalsheia til Smylmedalsegga / Blånipa 1121 moh. Fottur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.691 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 735
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Smylmedalsegga, også kalla Blånipa og Eimhjellenipa er med sine 1121 moh, toppen av det høge fjellpartiet mellom Osenvassdraget med Storfjorden i vest, og den hengande Hydalen som skjer seg frå Naustdalsida og nordover til møtes med Gjengedalsvassdraget i nord. 

Turen startar frå hytta på Ramsdalsheia og går innover bakkane der følger du tråkk innover. Vidare skråberga og snaufjellet mot toppen. Du kjem innpå den merka stien som kjem opp frå Naustdalsida av tunnelen i nærheten av Blåhølen. Herifrå kan ein sjå toppen på Blånipa. Følg ryggen eit stykke austover og sving så mot nord i retning toppen. Her er det noko stigning før ein kjem opp på siste bratte partiet. Vidare bratt opp mot toppen. Flott utsikt mot m.a. Ålfotbreen i nordI godt vær med skarp haustluft er det flott utsikt frå hav til bre. Frå toppen ser ein rett mot Solheim i Hyen og i vest ser ein øyane utanfor Florø.

Sporet på kartet går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst

 Ta av frå Rv 5 på Svarthumle og køyr mot Ramsdalsheia

Linker