Norddalsfjord. Sunndalen, Budalen, Fagredalen, Dalane, Trollebotnen og Sunndalsstøylen. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 14.91 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1001
Sesong: Juni - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Start rundturen i Sunndalen, der du kan følgje jordbruksvegen mot Budalen. Det er plass til parkering etter 500 m, litt aust for bøgarden, der ein vegstubb tek av mot Sundalsstølen. Følg vegen mot Budalen til endes, omlag 2,5 km.   

Gå over brua før du går oppover lia ved dei gamle uthustuftene. Halvvegs opp lia kryssar du elva ved Fagredalstrupen. På toppen av lia flater det ut mot Fagredalen, ein open fin dal. Du går sør-austover mot Tverrlia, ei tettvoksen li. På toppen av lia opnar dalane seg. Her var det tidlegare støl, tilhøyrande Solheim i Hyen. No står det ei jakthytte der, Dalane.  

Frå jakthytta i Dalane kryssar du myrane sør-vestover. Terrenget stig litt. Etter ein knapp km rundar du til venstre inn i Trollebotnen, der det og var støl tilhøyrande Solheim i Hyen. Ta deg tid til ein rast ved dei gamle tuftene på vestsida av botnen.  

Turen går no vidare opp dalen mot sør, mellom Eggene og Britelia. På toppen rundar du Britelia vestover Blåfjellet. No blir det unnabakke mot Sunndalsstøylen. Du møter merkinga mellom Sunndal og Solheim i Hyen og kan følgje den nordvest-over mot Sunndalsstøylen. Siste stykket går på den merka stølsvegen ned mot Sunndalen der rundturen starta.

Sporet på kartet er gått 1.juni 2021 og er ein rundtur.

God tur!

Adkomst

Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare fylkesveg 544 til Sunndalen

Linker