Stølsvandring i Utvik

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 21.834 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1252
Sesong: Mai - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Dette er ein rundtur som går gjennom 5 ulike støyler. Verlostøylen 485 moh, Myklebuststøylen 635 moh, Hagestøylen 635 moh, Bergsstøylen 715 moh og Kårstadstøylen 725 moh.

Rundturen startar ved det vi kallar Innsvingen ved fylkesveg 60 mellom Stryn og Byrkjelo. Ca. 2.5 km frå Utvik Sentrum.

Starter du turen med Verlostøylen, så får du ein meir jamn stigning på turen. Tek du Kårstadstøylen først ligg han på høgste punkt på turen, og der finst nokre bratte parti. Men så går turen deretter for det meste slakt nedover.

Skal du til Verlostøylen kan du velge mellom rås og støylsveg som har nesten same lengde. På Verlostøylen går du vidare gjennom støylskvia, gjennom ledet, og til venstre inn på merka rås til Myklebuststøylen. Du kryssar Storelva på ei ny, god bru før du kjem til Myklebuststøylen (denne brua vart sett opp 28.09.20 etter den forrige vart tatt av flaum i 2017).

Ved råsa mot Kårstadstøylen passerar du Hagestøylen som berre ligg eit steinkast frå Myklebuststøylen. Eit stykke etter Hagestøylen kjem du på skogsveg som du følg ca.300m. Så tek du av mot venstre (skilting) på ei lite tydelig rås, i delvis myrlendt terreng. Følg raud merking! Råsa er betre når du kjem nær Bergsstøylen.

Fra Bergsstøylen er det kort veg vidare til Kårstadstøylen. Derifra følg du skogsvegen ca. 1km, og så tek du snarvegen til venstre og følg skiltinga. Seinare kjem du inn att på skogsvegen. Følg den vidare til startpunktet.

Adkomst

Følg fylkesveg 60 frå Stryn til Byrkjelo. 2.5 km frå sentrum av Utvik til Innsvingen . Ved Innsvingen vil du finn ei grei infotavle om rundturen og eventuelt kortare turar mot dei enkelte setrane. Frå Stryn vil det ta ca. 45.min køyring til startpunkt - Frå Byrkjelo ca. 15 minutts køyring.