Dammen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.071 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 838
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Dammen på Bjølsegrø når ein enklast frå Bjølveseter (Sjå vegbeskrivelse for Bjølveseter http://ut.no/tur/2.11059/). Frå Bjølveseter går ein nordaustover på sti frå det øvste selet på stølen. Finn brua over Bjølvo og går inn Vassdalen og fylgjer denne heile vegen til Dammen. Legg merke til dei lange steingjerda oppover dalen. Rundt dammen er det ein heil del restar frå annleggsarbeidet. Les deg opp i boka Ferrofolket frå fjorden. Du får den på biblioteket.

Returen kan gå same vegen, eller du kan gå austover langs foten av Naglaklepp (svak sti), runde denne og fortsette på sti til Hedler. Tydeleg sti frå Hedler og ned. Sjå eventuelt beskrivelse av vegen til Hedler på ut.no.

Turen er omlag 6km og 600 høgdemeter kvar veg.

Adkomst

Sjå Bjølveseter eller Hedler på ut.no