Steindalen til Dyrdalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.58 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 696
Sesong: Mai - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Oppe i skaret i Dyredalen får du god utsikt mot Eikefjord og ut mot skjærgarden i Florø

Køyr til Steindalen og gå over brua og følg skogsvegen austover på nordsida av elva. Etter ca. 100 m etter grinda ved sankegardane, fylgjer du vegen til venstre oppover. Går du videre på vegen ca. 1,5 km, og kryss ei lita elv. Fortset ca. 100 meter då har du to val, å fylgje ein merka sti - pålar med raud måling(denne stien gjekk vi ikkje) - på skrå opp lia til støylen, eller gå vidare på skogsvegen. Etter ca. 1 km. på den, kjem du til Rimmaelva. Sving der opp lia på austsida av elva og kryss elva tilbake ved søre kant av stølskvia på Steindalsstøylen. Føl du sporet kjem du ned her

Gå vidare nordover til Rimmavatnet og kryss elva der. Gå så aust om vatnet og opp lia langs elva frå Dyrdalen, fyrst på austsida så over til vestsida på ei lita bru halvveges opp i lia. Oppe på kanten kjem du til første vatnet i Dyrdalen og du kan fortsette nordover på vestsida av vatna forbi ei lita sankebu til du er oppe i skaret.

Dette er ein del av ferdselsvegen over til Osa. Du kan gå ned via Vassetestøylen og Osastøylen.

Turen er gått sommeren 2020 og er ei rettesnor

Adkomst

Eikefjord sentrum køyrer du sørover på Fv 542 ca.1,5 km og tek av mot Steindal på Fv 541

Linker