Ullhovda

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.514 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 221
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Kolltveit - Ullhovda

Ein kan parkera ved gamle skulen på Innstranda eller køyra vidare opp Kolltveitvegen, forbi bustadhusa på Kolltveit. Så tek ein til venstre i fyrste og i andre kryss, der det like etter er mogleg å parkera. Følg traktorveg vidare innover til skilta sti opp mot venstre. Stien fører oppover lia, så til høgre bort til Ullhovda. Når ein kjem opp til Ullhovda er det eit flatt platå der det står ein benk. Vær merksam på at to-tre meter framom benken går det rett utfor eit høgt stup, så pass godt på at ungar (og vaksne) ferdast her med stor merksemd og forsiktigheit! Det er og eit par stader på stien like før ein kjem opp, der det kan vera høgt ned.

Adkomst

Frå Norheimsund følg r49 forbi Tørvikbygd, vidare til Innstranda, der ein ved gamle Innstranda skule svingar til høgre opp Kolltveitvegen.