Bjølveseter

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 707
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Bjølveseter er stølen for gardane i Ytre Ålvik. Naturleg utgangspuntk for turar til Bjølvesete er Fosse.

Frå Fosse/parkeringsplass like ette brua, fylgj skogsveg oppover mot Slåttedalen. Der er skilta (på høgre side) der du skal ta av frå skogsvegen og fortsetje på sti. Noko seinare kjem ein til eit stikryss mot Slåttedalen. Her er det og sett opp skilt som viser veg.

Me anbefalar å ta returen same veg som opp. I innteikninga av turen er sporet som går lengst aust/til høgre ei alternativ rute. Denne er lite brukt, og kan vera vanskeleg å finne att nokre stader. I tillegg har den ei vanskeleg elvekryssing ved høg vasstand.

Turen er omlag 2 kilometer og ca 300 høgdemeter kvar veg.

Adkomst

Frå RV7 i Ytre Ålvik, ta av på Krokatveitvegen, følg denne til endes, der bomvegen til Fosse startar (40kr). Køyr denne til like etter brua over elva Bjølve der det er mogleg å parkere. Det er mogleg å køyre vegen vidare, men den er bratt og det er ikkje mykje parkeringsplassar lengre oppe. Og du har gått av å gå.