Skitur til Krækkja

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 6.341 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet:
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 35
Sesong: Februar - Mai
Område: Hallingdal Hardangervidda Skaupsjøen/hardangerjøkulen landskapsvernområ

Beskrivelse

Hugs: Turen går over vatn. Sjekk at isen er trygg før du legg ut på tur!

Turen går i lett terreng, men det er ikkje oppkøyrde skispor. Skøyteski som glir oppå skaren eller fjellski med stålkantar kan vere kjekt, men er ikkje eit krav! Om nattekulda held seg utover våren, er det lite som kan måle seg med ein solskinstur i høgfjellet i april/mai. Hugs solkrem og solbriller!
Frå vegen ber det mot vest over Ørteren. Etter om lag 2,5 km svinger du sørover mellom Svonuten og Kristennuten. Etter om lag 1,5 km går du meir mot vest igjen, og havnar i solveggen på Krækkja turisthytte etter om lag 6 km. Visste du at Krækkja er DNT si første turisthytte på Hardangervidda?

Adkomst

Fleire parkeringsmoglegheiter langs Rv7 ved Ørteren. Omtrent rett vest for Veahovda er eit godt utgangspunkt.