Maggevikja på Algrøy

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.227 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 246
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Denne turen er ei rundløype nordvest på Algrøyna. Turen startar ved gamle Algrøy skule (Gangstø). Gå inn Kongvikvegen og forbi bedehuset. Ved ei stor raud løe går du gjennom ei grind som er merka med skilt "turstier" Her går du eit lite stykke over beitemark. Vis omsyn til sauene. Nederst i bakken står det skilt som viser fleire turmål. Ta til høgre her og følg terrenget rett vestover. Du vil etterkvart sjå gule merkepinner. Følg desse heile vegen. Her går du i typisk karrigt kystlandskap. Heilt ytst der vinden aldri sluttar å blåse, er det omtrent vegetasjonslaust og man kan sjå flotte fjellformasjonar. Kvart nes, kvar haug, kvar myr og dalsøkk har eigne namn. Desse namna har Algerøy bygdelag teke vare på og satt opp fleire skilt langs ruta. Meir enn 40 lokalnamn er tekne vare på for ettertida. Når du kjem til Smalanese følger du dei gule pinnene nordover retning Maggevikja. Det er eit lite stykke med klyving for å kome ned på svaberga. På uværsdagar er det viktig å halde god avstand til havet. Brottsjø kan oppstå. Følg pinnene. Den karakteristiske Maggesteinen er ein stor steinblokk som ligg rett på utsida av svaberga. Denne kan du sjå frå turkassa. Når bølgene står på er det eit spektakulært skue. Mot slutten av turen, i nordenden av ei stor myr, passerer du tuftene etter ein skjeneflor, eit av tallrike kulturminner i området. 

Her har det vore ei rekke store sildekast opp gjennom tidene. Eit av dei største varpa gjorde dei i 1924, som blir nemnt som det store Kongvikåret. På ein dag blei det då seldt sild til ein verdi – omrekna i vår tids kroneverdi - til omkring 13 millionar. Det har vore gode vilkår for fiske ved Algrøyna; rike lakse- og kastevågar, og kort utror til gode fiskeplassar.

Det er Algrøy Bygdalag som har merka denne ruta og fleire ruter på Algrøy. 

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen. Les meir om Kystpasset under Lenker.

Viktig å vite når du går på tur:

Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt når du ferdes i naturen.

Adkomst

Følg RV 555. Etter Kolltveitunnelen tek ein til venstre retning Klokkarvik. Ved Fjell Kyrkje tek ein til høgre retning Møvik. Her følger ein vegen ca 7 km. Køyr til venstre mot Langøy, Syltøy og Algrøy. Etter Langøybrua tek ein til høgre mot Algrøy. Køyr til gamle Algrøy skule som ligg på høgre siden av vegen, etter siste bakke ned mot sjøen.

Stoppesteder

Sjekk Skyss sin ruteplanlegger, rute 467 Algrøy-Syltøy. 

Linker