Skårsete

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.736 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 430
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå Hovland, fylgj skogsveg mot Blomsete. Frå Blomsete ta hardt til høgre over elva/bekken. Skårsete ligg no i nordaustleg retning stien vidare er veldig dårleg, og vanskeleg å sjå i ca 100 meter etter at ein har kryssa elva. 100 m etter å ha kryssa elva må ein svinga mot venstre og passera eit tre der det heng eit blått tau. Derifrå må ein gå rett oppover, Stien vidare til Skårsete er greit synleg. Posten er plassert på haugen sør for stølen. Ta gjerne ein tur nokre fram på kanten endå nokre meter lenger sør for stølen for å nyta utsikta.

Ein fin rundtur kan vera å gå nordover mot Skarpenuten, for så å ta seg vestover til Hyrting og nedatt til Blomsete derfrå.

ca. 2.5km og 400 høgdemeter kvar veg.

NB! Posten er no plassert på haugen rett sør for stølen (mot pila som pleier å vera der).

Adkomst

Frå FV7 ta av mot Soldal/Gullfiskdammen enten i rundkøyring i Øystese, eller ved Fyksesundbrua. Sølg skilting mot Soldal. Frå Soldal køyr på Hovlandsvegen til Hovland. Litt dårleg med parkeringsplassar ved start på Hovland. Sørg for å ikkje parker i vegen grunneigarar og vegfarande.