Bølgekraftverket i Øygarden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.056 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 24
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Om ein vil sjå havets krefter er dette ein flott tur. Turen er lettgått, men er ikkje utan risiko pga at ein må over ei usikra bru for å kome heilt ut. Det er fråråda å gå over denne brua ved mykje vind og store bølger. All ferdsel på eige ansvar!

Bølgekraftverket er best å oppleve etter at det har vore nokre dagar med mykje vind. Følg gjerne med på værmeldinga om du planlegger å ta turen heilt ut til Bølgekraftverket. Når vinden har løya er det framleis mykje røre i havet. Det er tryggare å gå over den usikra brua når det ikkje er fare for vindkast. Vær varsom om du har med hund og barn!

Turen startar på asfalt. Frå Bølgekraftvegen går ein på grusveg. Første brua ein skal over er trygg. Her kjem du til eit turskilt der du kan velge å gå ein fin tur i Vikåsen, til venstre. Til høgre fortsetter vegen ut til Bølgekraftverket. Du må klatre over fleire store steinar for å kome til den usikra brua. Etter brua går grusvegen vidare nokre hundre meter.

Bølgekraftverket vart opna i 1985. Etter tre år i drift havarerte anlegget. I 1988 vart det igjen forsøkt å drifte det med nytt konsept. I 1991 havarerte annlegget på nytt og drifta vart gitt opp. I mange år stod berre delar av køyrebrua att. I 2015 vart denne også teken av ein kraftig storm. No står berre betongsøylene att. Armeringsjern og betong ligg på bakken og gjev oss ein vekkar på kor mykje kreftar det er i havet.

Bølgekraftverket har blitt eit populært turmål, men diverre er det mange som tek store sjansar her. Følg difor råda som står ovenfor og vis respekt for havets krefter.

Adkomst

Frå Ågotnes Terminal er det omlag 10 minutt å køyre. Ta av frå hovudvegen og køyr inn Toftedalen. Stor parkeringsplass heilt i starten, på høgre side av vegen. Ingen parkering langs hovudvegen dersom det er fullt. Gå vidare nedover og ta av til vestre der det står Vestrevegen. Gå vidare på denne til du kjem til Bølgekraftvegen på venstre side, ved bom. Ta gjerne buss frå Ågotnes Terminal.

Stoppesteder

Frå Ågotnes tek ein buss 479 til Hellesøy, Gå av ved Vik.