Høgefjellet (Sendaren) frå Lotsstøylen på Lote i Stad kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.281 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 600
Sesong: Mai - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå toppen er det breidt utsyn i alle retningar, og rett før toppen går vegen opp- og nedover i små bakkar. Ein må parkere ca. 300 m FØR fellesfjøsen på Lotsstøylen, på høgre side av vegen ved oppsida av gamal støylsbygning. Ved fellesfjøsen skal mjølkebil og kraftforbil ha plass til å snu, så her må ein IKKJE parkere. Alternativ parkering er på sørsida av elva. Då må ein køyre rett fram i siste kryss, i stadenfor til venstre mot fellesfjøsen (altså ikkje over brua), og så parkere på venstre side av vegen her. Alle grinder og straumgjerder må latast igjen av omsyn til beitedyra om sommaren. Turen er i overkant av 4 km lang, og ein går på anleggsvegen heile vegen opp til TV-masta. Vegen er tidvis bratt. Kassa med bok heng på sørsida av bygningen.

Adkomst

Lotestøylen med bil

Stoppesteder

Buss til Lote