Øvre Standal Håsteinen og Høydalsnipa

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.989 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1360
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Flott topptur - med god oversikt og fin tur tilbake nedover dalen der ein har fin utsikt over øyar og holmar utanfor Florø.

Håsteinen platået består av tre toppar Inste Håsteinen 965 moh, Yste Håsteinen 915 moh og Høydalsnipa 933 moh.

Frå parkeringsplassen går du mot Strupen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med elva på nordsida. Når stien møter elva går du litt søraust mot Gamlestølen der det berre er stølsmurane att. Derifrå er det flatt terreng med litt stigning i ca 500 m til du kjem til ein liten bakke. Turen går opp gjennom dalen. Etter den er det jamn slakk stigning innover til Standalsstølen, ein kvitmalt støl som blant kjentfolk vert kalla Eliasstølen. Her kan du gå ned bakken mot elva og følgje stien til høgre for elva heile vegen til Stølsvatnet, eller du går opp bakken til høgre for stølen, inn skaret og følgjer ryggen innover til Stølsvatnet. Ved Stølsvatnet går stien på nordsida av vatnet og ved enden av vatnet går stien på nordsida av elva mot Svartevatnet. I vestre enden av Svartevatnet går stien oppover og dreier så innover til du møter stien frå Håsteinsdalen på Villebøen.

Stidele er på vestre enden av vatnet 655 moh - Villebøen - skilt viser retning til Høydalsnipa, Håsteinen, Standal, Høydalen og Håsteindalen.

Sporet her går først opp på Håsteinen så over til Høydalsnipa.

Dette sporet vart gått 29.august 2020. Sportrekkingen stoppa på returen rett før nedstigning til Svartevatnet. Legg til omlag 5 km for å få lengda på heile turen.

Adkomst

Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass. Det vil bli sett opp informasjonstavle (under arbeid)

Linker