Type: | Fottur |
Lengde: | 3.519 km |
Turen går: | Rundtur |
Varighet: | 1 timer |
Gradering: | Enkel |
Høydemeter totalt: | 386 |
Sesong: | Mai - Oktober |
Område: | Breheimen med jostedalsbreen |
Hamnanova er ein kortreist topp i Jølster som gir mykje profitt for kvar høgdemeter du tek opp! Derfor er det ikkje rart at dette har blitt ein av dei mest populære turane i Jølster. Stien opp til Hamnanova er godt tilrettelagt, og på toppen er det nyleg blitt restaurert ei lita hytte som er open for besøkande. Mange barnefamiliar introduserer barna sine for telting ved å ha den første teltturen til Hamnanova.
Turstart ved grushole/sanduttak i Dvergsdalsdalen. Du går på steinlagt sti i vestvendt side heile vegen opp. Det blir relativt tidleg snøfritt på våren, og steinlegginga gjer at du går ganske tørrskodd i myrlendt terreng.
Utsiktspunktet på toppen ligg på ca 750 moh. rett over grenda Sunde ved Kjøsnesfjordbrua. På toppen får du nydeleg utsikt over Jølstravatnet, Skei-bukta, Kjøsnesfjorden og Dvergsdaldsalen. Du ser også rett på fjellet Kollen (på kartet heiter det Kleivafjellet), som er eit av dei mest kjende motiva til kunstnaren Nikolai Astrup.
Dei fleste vel å gå ned att same veg. Du kan gå på sti over Hamnanova og ned sti via Djupeskaret (som er GPS-sporet). Ned Djupeskaret er ikkje stien like fint tilrettelagt og går i meir myrlendt terreng.
Dette er den perfekte og ultimate kveldsturen for dei som vil ha kvardagstrim, og ein kortreist topptur med panoramautsikt for barnefamilien. Ca 30-45 min opp, og 20-25 minutt ned.
Turtips til den som vil gå ein lenger tur er å gå vidare innover ryggen frå Hamnanova i retning mot Nyken, Djupeskaret, Sundsheia, Snøfjellet, Sundsheia, Støylsnova, Tverrfjellet og Salsegga. Her er det lett ryggterreng å gå i mens du har flott utsikt heile vegen langs ryggen mens du går mot Grovabreen. Frå Salsegga kan du gå i vestlig retning i noko myrlendt terreng ned til Fagredalen. Her vil du kunne følgje skogsveg og bilveg ned att til sandtaket der du parkerte bilen.
AC Kapstad for IST
Køyr fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet. Ta av opp til Dvergsdalsdalen på austlegaste side av fjellet Orkja. Dvs. på vegen som går opp frå Dvergsdalen. Du kan òg køyre opp frå Myklebust (vestleg side av Orkja) dersom du kjem frå Vassenden. Parkering ved grushola. Turstarten er skilta på parkeringa.